Trafikanten

27. januar, 2011 at 18:38 (skaberakk)

Driv og ryddar i gamle notat og pensumbøker. Kom over dette, i svart penn på baksida av kompendiet til FIL1001-Medvitsfilosofi:

Oslo est: Neste stasjon.
Ule vold.
Får sik» sparken.
Ørene lukkes.
Nesten Blind, er’n. Ren lok.
Majorstua; Majorstuen dør.
Ene.
Neste — stasjonære Journalteatre.
Storting.
Dørene lo.
                    19/8-2005, Sogn

Direktelenkje Éin kommentar

CUCCU NU!

17. mars, 2010 at 09:30 (skaberakk) ()

Sumer is icumen in,
Lhude sing cuccu!
Groweþ sed and bloweþ med

And springþ þe wde nu,
Sing cuccu!
Awe bleteþ after lomb,
Lhouþ after calue cu.
Bulluc sterteþ, bucke uerteþ,
Murie sing cuccu!
Cuccu, cuccu, wel singes þu cuccu;

Ne swik þu nauer nu.
Pes:

Sing cuccu nu. Sing cuccu.
Sing cuccu. Sing cuccu nu!

Det har slutta å snø. SING CUCCU NU!

Direktelenkje Éin kommentar

Ting som ikkje er så lurt når du har vondt i hovudet

10. mars, 2010 at 17:40 (skaberakk) ()

  • ete kake
  • leke drakamp
  • puste dårleg inneluft
  • ikkje drikke vann
  • tenkje hardt
  • skrive blogginnlegg
  • jævla buekorps

Direktelenkje Éin kommentar

Fiskekaker

1. februar, 2010 at 16:47 (skaberakk) (, )

Etter snart eit år som hundeeigar har eg lært at det er like viktig å gi positiv forsterking til trenaren som til hunden.

Og det er spesielt fristande med litt enkel mat når kjøkkenet er eit hòl i golvet og kjære er på jobb heile dagane.

 

 

Ute er det potespor i nysnøen.

Direktelenkje Kommenter innlegget

Råda

7. november, 2009 at 11:06 (skaberakk) (, , )

Teppet til Baldur ligg føre bokhylla, ved peisen. Det er råda, den trygge staden. Vedkassa av papp er ganske skummel, iallfall i hendene på t, som ristar på kassa og lagar skumle lydar til. Då blir det boff og glefs og leven. Men når Baldur ligg på teppet sitt må kassa halde seg unna.

Direktelenkje Kommenter innlegget

Grovbrød!

27. oktober, 2009 at 13:14 (skaberakk) (, )

Litt inspirert av matblogginga til c tenkte eg at eg skulle leggje ut grovbrødoppskrifta eg brukar her. Oppskrifta kjem eigentleg frå tanta til t, og er svært enkel:

Sett omnen på 50°C og ha inn to brødformer med ein klatt smør i kvar.

Bland

  • éin pakke grovbakst 1
  • éin pose tørrgjær
  • litt salt

Ha så i

  • nesten ein liter lunka vann
  • ei spiseskei olje

Bland alt godt. Det kan gjerne vere ganske blaut; eg pleier aldri å kna deigen…

Så tek du ut formene, penslar ut smøret, og har i halvparten av deigen i kvar. Sett formene i omnen og la dei heve 30–40 min. på 50°C (du ser når dei er store nok), skru så opp til 200°C og vent éin time.

Presto, to grovbrød for under 20kr!

Grovbrød


1 Om du vil vere eksperimentell kan du jo au ta i litt havre, spelt, gulrot… men det pleier sjeldan gå bra når eg ikkje i det minste har den grovbaksten med.

Direktelenkje Éin kommentar

Skuggane samlar seg

7. oktober, 2009 at 13:40 (skaberakk)

Vennensin har fått ein ny, fin blogg: Skuggevals.wordpress.com. La meg sjå… dsgf, Shadow Truths, 6 ord, Tidskrystaller, Skuggar, Fragments, … det har blitt ein del opp igjennom. Men alle gode ting er sju (minst); eg har hjelpt med å leggje til innlegg frå dei gamle bloggane i Skuggevalsen, dei skal samlast der i staden for å vere spreidd ut overalt. Det blir kanskje litt trangt om plassen når raptusane kjem? =P


Det kjennest godt å ha tid igjen til å gjere slike ting som å pirke på stilark til ein blogg eller faktisk bla litt i Morgenbladet; fram til forrige eksamen har eg eigentleg hatt eitt kjør med eksamenar og sommarjobb og artiklar og reising og klorlukt på hendane og alt for mykje skjeggvekst heilt sidan…mars…meir eller mindre.

Det skulle ein eksamen til, så kjendest det plutseleg som om eg kom over ein bøyg.

Kanskje me til og med får tid til litt høgtlesing av Pratchett i kveld : )

Direktelenkje 2 kommentarar

Baldur

6. august, 2009 at 11:38 (skaberakk) (, , , )

Eg har just vore hos dyrlegen med Baldur for 3-månadersvaksinen. Dette
er Baldur:

sovande bisk

Omtrent slik ser han au ut no. God og trøytt etter den lange turen
gjennom sentrum av Bergen og opp igjen til Sandviken.

Av og til er dette Baldur:

lure smilet

Men når han finn ein annan hund, er dette Baldur:

Monty finn seg i det meste

 

No ligg han og jaktar i draume. Eit øyre rykkjer til innimellom, han
pesar litt, og ei klo kjem ut.

Så lagar han ein svelgjelyd.

Direktelenkje Éin kommentar

Fordi det er så kult

20. mai, 2009 at 18:18 (skaberakk) (, , )

Ein høyrer alle slags rare argument for at ein bør sykle:

  • det er godt for hjartet,
  • du slepp å kjøpe dyr bensin,
  • det fører til færre bilulykkar1,
  • mindre støy i byen,
  • motverkar overbefolkning,
  • gir færre atomkraftverk,
  • meir personleg fridom,

et cetera, et cetera.

Humbug.

Eg syklar av same grunn som 13-åringar byrjar å røyke.

Les resten av dette innlegget »

Direktelenkje 4 kommentarar

Ein typisk morgon

2. mars, 2009 at 09:26 (skaberakk) (, , )

Eg subbar ut på badet, vil ta ein dusj, men det er tomt for
dusjhandkle. Åja, dei er på kjøkkenet og heng til tørk. Tuslar1
ut på kjøkkenet.

No er eg på kjøkkenet. Det er morgon. Kva gjer eg her?
Åja. Morgon. Kjøkken. Kaffi. Slik må det vere. Setje på kaffi. Posen
er tom. Opne ny. Sånn. Fine surklinga frå maskinen. Nøgd.

Går no ut på badet igjen og inn i dusjen. Mmm. Varmt.

Doh!


1 Tusling krev ca. eit halvt fnugg meir medvit enn subbing.

Direktelenkje Kommenter innlegget

Next page »