Grovbrød!

27. oktober, 2009 at 13:14 (skaberakk) (, )

Litt inspirert av matblogginga til c tenkte eg at eg skulle leggje ut grovbrødoppskrifta eg brukar her. Oppskrifta kjem eigentleg frå tanta til t, og er svært enkel:

Sett omnen på 50°C og ha inn to brødformer med ein klatt smør i kvar.

Bland

  • éin pakke grovbakst 1
  • éin pose tørrgjær
  • litt salt

Ha så i

  • nesten ein liter lunka vann
  • ei spiseskei olje

Bland alt godt. Det kan gjerne vere ganske blaut; eg pleier aldri å kna deigen…

Så tek du ut formene, penslar ut smøret, og har i halvparten av deigen i kvar. Sett formene i omnen og la dei heve 30–40 min. på 50°C (du ser når dei er store nok), skru så opp til 200°C og vent éin time.

Presto, to grovbrød for under 20kr!

Grovbrød


1 Om du vil vere eksperimentell kan du jo au ta i litt havre, spelt, gulrot… men det pleier sjeldan gå bra når eg ikkje i det minste har den grovbaksten med.

Advertisements

Direktelenkje Éin kommentar

%d bloggarar likar dette: